På gravstaden ved Vatne kyrkje vart det i 2023 etablert ein minnelund for urnenedsetting. Dette er den første gravstaden i Haram med eigen minnelund.
Det er starta opp prosjektering mtp etablering av minnelund ved Haram kyrkje, og Haram kyrkjelege fellesråd tek sikte på å etablere minnelundar ved alle gravstadane i Haram etterkvart.
På minnelundane kan ein sette ned urne på urnefeltet og ha eit namneskilt på minnesmerket ved minnelunden, eller ein kan sette ned urne anonymt. Det er også høve til å sette ned urner på eigne urnegraver med plass til inntil fire urner; der kan ein sette opp eit eige gravminne.