Det kan setjast opp eitt gravminne på kvar grav, etter krav fastsett i gravferdslova og gravplassvedtektene.
Gravminnet kan setjast opp tidlegast 6 månader etter gravlegging. Kyrkjekontoret skal kontaktast før gravminnet vert sett opp og gi løyve til oppsetting.
Det er dei pårørande som må syte for stell og vedlikehald av gravminne og plantefelt. Det er festar av grava som er ansvarleg for fierning av blomstrar og anna pynt frå grava etter gravferda.