Å byrje på skulen er ein stor dag – full av spenning, forventningar og nye eventyr. Vi ønskjer å markere denne fine overgangen saman med dei som skal ta steget inn i ein ny kvardag.
Velkomen til 6-årsbok i kyrkja⛪
Alle skulestartarar er hjarteleg velkomne til ei koseleg gudsteneste i si lokale kyrkje, der dei får 6-årsboka si som ei lita gåve og eit minne om denne heilt spesielle tida.
Gudstenesta er laga med barna i sentrum og er ei samling for heile familien. Her blir det song, forteljing, fellesskap og ei høgtideleg og fin stund saman – med rom for både undring, glede og kanskje litt kyrkjemagi🌈 Vi håpar mange familiar vil bli med og gjere dette til ei varm og minnerik stund før eit nytt og spennande kapittel tek til. 💛
Invitasjonar kjem i posten i god tid i forkant av arrangementet til alle døypte, men ALLE som fyller 6 år i år er hjarteleg velkomne – døypt eller ikkje💕💫
Påmelding Lepsøy 2026 her