Haram kyrkjelege fellesråd > Artikler > Vis


Påmelding til Tirsdagsmiddag i Brattvåg kyrkje


Vi har no starta med påmelding til Tirsdagsmiddag. For påmelding kan du trykke her.
Du kan også melde deg på via informasjonen på plakaten. 

Tirsdag 29. september var det oppstart av tidenes fyrste Tirsdagsmiddag i kyrkjekjellaren i Brattvåg. Nærmara 40 personar i ulike aldrar var samla til felles middag, triveleg fellesskap, aktivitetar for ungane og avslutning med «ord for dagen» og song i lag.

Målet er å skape ein inkluderande og open møtestad, med god og billig middag, der ein kan kome som ein er og bli kjende med kvarandre og med kyrkja. Opplegget er særskilt retta mot barnefamiliar, men alle er hjarteleg velkomne!

Datoar vidare i haust er:

20. oktober, 3. november, 17. november og 1. desember.

Klokkeslettet er 16.30 – 18.00.


  

 

 

 

Tilbake