Lei, milde ljos, igjennom skoddeeim,
lei du meg fram!
Eg går i mørke natt langt frå min heim,
lei du meg fram!
Før du min fot; eg treng ei sjå min veg
så langt og vidt – eitt steg er nok åt meg.
Du veit det vel, eg bad ei alltid så;
lei du meg fram!
Eg ville velja sjølv min veg, men no
lei du meg fram!
Eg ville leva fritt, var stolt og strid
og stor i mod – å gløym den dårskaps tid!
Di makt har signa meg, då veit eg visst:
Du leier enn
i myr og fjell og heid, og så til sist
ein morgon renn,
då til meg smiler engleåsyn blid,
som eg har elska før, men mist ei tid.
Tekst: J.H. Newman 1833
Oversatt: Peter Hognestad 1914
Melodi: Charles H. Purday 1860