Vil de gifte dykk utan stor planlegging og høge kostnader? Velkommen til drop-in-bryllaup i Vatne kyrkje på sjølvaste Valentinhelga - laurdag 13. februar! Seremonien er enkel, personleg og høgtideleg, og varer i omtrent 15–20 minutt.
Foto: Den norske kyrkja
Kort om drop-in-bryllaup
Drop-in-bryllaup er ein heilt enkel vigselsseremoni i kyrkja.
Å bli vigd i eit drop-in-bryllaup er heilt enkelt, men like stort som å bli vigd i eit vanleg bryllaup i kyrkja.
Dette må de hugse
- Gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten (må ikkje vere eldre enn 4 månader)
- Gyldig legitimasjon
- Forlovarar (vi kan òg hjelpe med vitne på staden ved behov)
Påmelding
Haram kyrkjekontor 70 20 93 70 innan 5. februar 2027
Vi stiller med prest/vigslar, musikar, enkel servering/kake.
Kyrkja er open for vigslar denne laurdagen frå kl. 11 til kl. 15.
Drop-in-bryllaup i Harøy kyrkje
Harøy kyrkje inviterar også til dropinbryllaup denne laurdagen
Påmelding til Ålesund kyrkjelege fellesråd servicekontoret tlf. 70165300