Haram kyrkjelege fellesråd > Artikler > Vis


Lys Våken – ei minnerik helg i novembermørket


Det treng ikkje vere så mange for å fylle ei kyrkje med liv. Fem deltakarar, ein god dose latter og ei helg med alt frå juleverkstad til overnatting gjorde Lys Våken i Haram kyrkje til eit fint møtepunkt i novembermørket.

Det er noko ekstra fint med å vere i kyrkja når mørket senkar seg og kvelden blir fylt med juleverkstad, god mat, konkurransar og leik. Og når soveposen til slutt skal rullast ut og ein får overnatte i kyrkja, blir det ei helg litt utanom det vanlege. Det var nettopp dette fem deltakarar fekk oppleve då vi arrangerte Lys Våken i Haram kyrkje 14.–15. november.

Fire av deltakarane kom frå Harøya og ein frå Haramsøy. I år prøvde vi ei ny ordning der Sandøy og Haram sokn arrangerte Lys Våken saman, i håp om å samle fleire barn og skape eit større fellesskap rundt denne fine tradisjonen. Vi vart ikkje så mange denne gongen, men det mangla verken på latter, aktivitet eller gode opplevingar!

Helga baud på juleverkstad, konkurransar, kveldskino og deilig pizza. Og sjølvsagt var overnattinga eit av høgdepunkta. Det er noko eige med å få vere i kyrkja så lenge, finne plassen sin, krype ned i soveposen og kjenne at ein har kyrkja heilt for seg sjølv. Både deltakarar og leiarar kosa seg gløgg i hjel, og då barna lurte på om dei kunne få vere med neste år også, tok vi det som eit veldig godt teikn på at helga hadde vore vellukka.

Laurdagen brukte vi også tid på å førebu andakta til gudstenesta, der temaet var å vere lys. Vi snakka om korleis vi kan vere lys for kvarandre i kvardagen. Det treng ikkje vere store ting som skal til – kanskje handlar det om å sjå nokon, vere ein god venn, invitere med ein som står litt utanfor eller gi eit smil når nokon treng det. Små lys kan bety mykje. I tillegg hadde deltakarane øvd på Leonard Cohen sin «Hallelujah», og søndag fekk vi høyre dei framføre songen under gudstenesta. Det vart eit skikkeleg fint augeblikk som sette sitt preg på gudstenesta.

Lys Våken i Brattvåg

Allereie 12.–13. desember møtest vi igjen til Lys Våken, denne gongen i Brattvåg kyrkje. Førjulstida er travel for både store og små, med mykje som skal skje før jula ringjer inn. Likevel håpar vi at mange 5.-klassingar har lyst til å setje av denne helga til Lys Våken og bli med på ei litt annleis oppleving i kyrkja.

Invitasjonen er sendt ut til 5.-klassingane i Brattvåg, Vatne og Hildre sokn, og vi håpar mange har lyst til å melde seg på! Vi er allereie godt i gang med å samle ein fin gjeng med leiarar, men tek gjerne imot fleire – jo fleire, jo betre! Så om du kjenner at du har tid og lyst til å vere med, eller lurer på om dette kan vere noko for deg? Ta gjerne kontakt med Christel på epost christel.otterlei.bjerkeseth@kyrkja.haram.no.

Det blir sjølvsagt overnatting i kyrkja også denne gongen, med forbehold om at vi får nok ledarar, og vi ser fram til ei helg med nye vennskap, gode opplevingar, mykje latter og den heilt spesielle Lys Våken-stemninga. Vi håpar mange vil vere med og skape fine førjulsminner saman med oss.



Her er meir informasjon om neste Lys Våken og korleis ein kan melde seg på

 

Tilbake