Haram kyrkjelege fellesråd > Vis


Kva er konfirmasjon?


Ordet konfirmasjon kan bety både "å bekrefte" og "å gjere sterk". I konfirmasjonen blir ein minna på lovnaden frå dåpen om at Gud er med alle dagar.

Sjølve konfirmasjonsdagen er ein festdag der alle konfirmantane blir feira i kyrkja. I gudstenesta ber vi ei bøn for kvar enkelt konfirmant om at Gud velsignar og styrkjer dei på vegen vidare i livet. 

Konfirmasjonstida er ei spesiell tid. Du får bli del av eit fellesskap med andre konfirmantar og får eit innblikk i kva som skjer i kyrkja di. Du får rom til å utforske fleire viktige sider av livet saman med andre og lære om Gud og den kristne trua, men kanskje lærer du noko nytt om deg sjølv også?

Tilbake