2–4 av desse tekstane skal lesast, eller andre høvelege skriftlesingar, minst éi frå kvar av dei to testamenta.
Skriftlesingane kan gjerne lesast av medlemer av bryllaupsfølgjet.
Dei som skal lesa, går samla fram til lesepulten under den første salmen. Presten les først og innleier deretter lesinga med: Lat oss vidare høyra frå Guds ord..
Tekstar frå det gamle testamente (GT)
1 Mos 2,18
«Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil laga ein hjelpar av same slag.»
Rut 1,16B-17A
Der du går, vil eg gå, og der du bur, vil eg bu. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud. Der du døyr, vil eg døy, og der vil eg bli gravlagd.
Sal 23
Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko. Han lèt meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile,… Heile teksten>>>
Sal 36,6-10
Herre, til himmelen når di miskunn, til skyene rekk din truskap.Di rettferd er som mektige fjell, som det store havdjup er dine dommar. Herre, du bergar både menneske og dyr. Kor verdfull din kjærleik er, Gud! I skuggen av dine venger søkjer menneskeborna ly. Dei får nyta overfloda i ditt hus, du lèt dei drikka av gledebekken din. 10 For hos deg er livsens kjelde, i ditt lys ser vi lys.
Sal 91,1-2.4.9
Den som sit i skjul hos Den høgste og finn nattely i skuggen av Den veldige, han seier til Herren: «Mi tilflukt og mi borg, min Gud som eg set mi lit til!» Under hans venger kan du søkja ly, med fjørene dekkjer han deg. Hans truskap er skjold og vern. «Du, Herre, er mi tilflukt.» Den høgste har du gjort til din bustad.
Sal 100
Rop med jubel for Herren, all jorda! Ten Herren med glede, kom fram for han med jubel! Kjenn at Herren er Gud!... Heile teksten>>>
Sal 103,1-5
Velsign Herren, mi sjel! Alt som i meg er, velsign hans heilage namn… Heile teksten>>>
Fork 4,9-10A.12
Det er betre å vera to enn éin, Dei får god løn for sitt strev. For om dei fell, kan den eine hjelpa den andre opp…
Høys 2,9-10a.13b-14
Kjærasten liknar ein gaselle, ein ung hjort. Der står han bak muren vår. Han gløtter inn gjennom vindauga, kikkar inn gjennom gitteret. Kjærasten tek til orde og seier: Stå opp, mi kjære, mi vakre jente, og kom! Mi due i fjellkløfta, i livd under bratte berg, lat meg få sjå deg, lat meg få høyra røysta di! For røysta er mjuk og skapnaden vakker.
Høys 2,8-14.16-17 + 8,6-7a
Denne lesinga kan bli lest av ein tekstlesar eller av kvinne (I) og mann (II).
I: Høyr, det er kjærasten, der kjem han, springande over fjell, hoppande over haug. Kjærasten liknar ein gasell, ein ung hjort. Der står han bak muren vår. Han gløtter inn gjennom vindauga, kikkar inn gjennom gitteret. Kjærasten tek til orde og seier:
II: Stå opp, mi kjære, mi vakre jente, og kom! No er vinteren over, regnet er forbi, det er borte. Landet blir dekt av blomar. Songtida er her, turteldua kan høyrast i landet. Frukta på fikentreet mognar, og blomen på vinstokken angar. Stå opp, mi kjære, mi vakre jente, og kom! Mi due i fjellkløfta, i livd under bratte berg, lat meg få sjå deg, lat meg få høyra røysta di! For røysta er mjuk og skapnaden vakker.
I: Kjærasten er min, og eg er hans, han som gjeter mellom liljene. Heilt til dagen blæs skuggane bort, spring som gasellen, kjærasten min, som ein ung hjort over kløfter og fjell!!
I/II: Set meg som eit segl på hjartet ditt, eit stempel på armen din! For kjærleiken er sterk som døden, lidenskapen ubøyeleg som dødsriket. Han brenn som logande eld, ein Herrens loge. Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken, elvar skyl han ikkje bort.
Høys 8,6-7a
Kjærasten liknar ein gaselle, ein ung hjort. Set meg som eit segl på hjartet ditt, eit stempel på armen din! For kjærleiken er sterk som døden, lidenskapen ubøyeleg som dødsriket. Han brenn som logande eld, ein Herrens loge. Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken, elvar skyl han ikkje bort.
Tekstar frå Det nye testamente
Matt 5,13-16
Det står skrive i evangeliet etter Matteus: Jesus sa: De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned. De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen! .
Matt 6,25-34
Jesus sa: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’ For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.
Matt 7,7-8.12
Jesus sa: Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for. Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.
Matt 7,24-25
Jesus sa: Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell
Joh 13,34-35
Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»
Joh 15,9-12[-17]
Jesus sa: Som Far har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! Held de boda mine, er de i min kjærleik, slik eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk og gleda dykkar kan bli fullkomen. Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.
Rom 8,38-39
For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
1 Kor 13
Kapitlet kan lesast i sin heilskap eller i utdrag.
Om eg talar med mennesketunger og engletunger men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm
eller ei klingande bjølle. Heile teksten>>>
Fil 2,1-5
Om det no er trøyst i Kristus, glød i kjærleiken, fellesskap i Anden, om det finst medkjensle og miskunn, så gjer mi glede fullkomen: Ha same sinnelaget og same kjærleiken, ver eitt i sjel og sinn. Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre. Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!
Fil 4,4-8
Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus. Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros, legg vinn på det!
Kol 3,12b-14
Kled dykk difor i inderleg medkjensle og ver gode, milde, audmjuke og tolmodige, så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre. Og over alt dette: Kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og gjer fullkomen.
1 Joh 4,7-12
Mine kjære, lat oss elska kvarandre, for kjærleiken er frå Gud, og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss, at han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre. Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre. Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, blir Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
Planleggingsskjema>>>