Bryllaupet består av ei rekkje faste ledd. På denne sida kan du bli kjend med korleis ein kyrkjeleg vigsel blir gjennomført.Hovuddelane i ein bryllaupsseremoni er inngang, salmar, lesing frå Bibelen, talen til presten, ekteskapsinngåinga og bøna for paret.
Det er presten som har ansvaret for å følgja denne ordninga, men de kan gjerne vera med å velja salmar, bibeltekstar og musikk sjølv.
Varigheit
Dei fleste vigslingar varer mellom 30 og 45 minutt. Likevel kan dette variera, avhengig av mellom anna talet på musikalske innslag, tekstlesingar og talen til presten.
Ordninga for vielse
1. Preludium/Inngang
2. Inngangsord
3. Salme
4. Skriftlesing
5. Salme eller vokal- eller instrumentalmusikk.
6. Tale
7. Ekteskapsinngåing
8. [Overrekking av ringar]
9. Forbøn
10. [Musikk/symbolhandlingar]
11. Salme
12. Velsigning
13. Postludium/Utgang
Ledd med [klammer] kan utelatast.
Den norske kyrkje har to vigselsliturgiar, ein frå 2003 og ein frå 2017. Skilnaden mellom dei to er primært at den nye (2017) er kjønnsnøytral. Rekkefølgja på desse to er heilt lik.
Planleggingsskjema>>>