Det er også ein del andre ting som ein må tenkja gjennom.
Pynting
De kan òg pynta i kyrkja, men det er ikkje nødvendig å gjere det for komplisert! Tidspunkt for pynting må ein avtale med kyrkjetenarane. Ved fleire vigslar same dagen i same kyrkja kan brudepara samarbeide om pyntinga.
Kyrkjevertar
Det er fint om nokon kan ta imot gjestane i kyrkja denne dagen. Sysken eller vener kan gjerne bli spurde. Då er det naturleg at dei deler ut program eller salmebøker ved inngangen..
Inngang
Inngangsprosesjonen kan gjerast på fleire ulike måtar. Dette får igjen følgjer for korleis stolane framme ved altarringen skal plasserast. Det vanlege er at bruda blir ført inn av ein representant for familien, eller at brudeparet går inn saman.
Brudepiker/brudesveinar
Ønskjer brudeparet å ha brudepiker og brudesveinar med opp kyrkjegolvet, gjer dei ein avtale med presten i samband med øvinga om korleis dette skal gjerast. Brudepikene og brudesveinane kan gå framfor brudeparet inn i kyrkja og bak dei ut att.
Salmebok/program
Det kan leggjast ut salmebøker i benkeradene. Presten kunngjer då salmenummera. Eller det kan lagast eit eige program med opptrykk av teksten til dei salmane som skal syngjast.
Samtale og øving før vigsla
Vi gjer merksam på at vi sender informasjon om kven som er prest og organist til dykk ei stund før vigsla. Presten tek direkte kontakt med dykk for å avtale samtale. Samtale og øving skjer ofte ikkje før same veke som vigsla finn stad.
Kontakt organisten om val av musikk og evt. akkom¬pagnement ved solistinnslag.
Leige av kyrkje og organist
Når ingen av brudefolket eller foreldre er folkeregistrert i Haram kommune, eller ingen av brudefolket er medlem av Den norske kyrkje (DNK):
- Leige av kyrkje/kyrkjetenar: Kr. 4.000,-
- Leige av organist: Kr. 2.000,-
- Leige av organist til øving/akkompagnement med solist: Kr. 750,-.
Planleggingsskjema>>>