I Haram har alle dei som skal ha dåp ein samtale med presten. Samtalen skjer vanlegvis på kontoret eller i kyrkja. Nokre gonger samlar vi alle som skal ha dåp same søndagen til ei felles samling i kyrkja.
I ein dåpssamtale orienterer presten om sjølve gangen i dåpshandlinga, og innhaldet i dåpen. Ein snakkar òg litt om korleis ein kan følgje opp det ein har gitt løfte om i dåpen.
Bor i ein anna kommune
Dersom de bur i eit anna prestegjeld og vil ha dåp hos oss, må du ta kontakt med det lokale kyrkjekontoret der de bur. Dei vil då ordne alle dei formelle sidene ved dåpen og sende oss ei dåpsmelding.
Det er likevel viktig at de òg tar kontakt med vårt kyrkjekontor for å høyre om kyrkja er ledig den dagen. Det hender nemleg at det allereie er fullt.