Ein fadder påtar seg ei ansvarsfull oppgåve.
Ein fadder er ein som skal vere vitne til at dåpen har skjedd. Heilt enkelt, like stort. Minst to av fadrane må vere til stades under dåpshandlinga.
Fadderen tek del i eit heilagt ansvar: mellom anna å gi omsorg for og be for den døypte.
Den som blir døypt skal ha minst to fadrar, men det finst ikkje noko øvre tal.
Fadderen må vere minst 15 år og vere medlemmer av Den norske kyrkja, eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåp. .
Å vere fadder inneber ingen rettslege plikter eller krav etter sjølve dåpsdagen. Det finst ingen fasit på korleis ein skal følgje opp fadderrolla etter dåpsdagen, men bøn og omsorg kan vere gode stikkord.
Dette ansvaret gjeld heile kyrkja, og derfor følgjer soknerådet/kyrkjelyden i Haram opp alle døypte gjennom si trusopplæringsplan. Meir om den på ei anna side her pånettsidene.