Haram kyrkjelege fellesråd > Vis


Kva skjer i ei kyrkeleg gravferd?


Gravferda består av ei rekkje faste ledd. Her kan du bli kjend med korleis ei gravferd blir gjennomført.

 

Hovuddelane i ei gravferd eller bisetjing er musikk, minneord, tale og lesing av tekst frå bibelen. Normalt varer ei gravferd under ein time, men her kan det vere lokale variasjonar.

Fast ramme på innhaldet

Seremonien har ei fast ramme som blir kalla liturgi. Liturgien bestemmer rekkjefølgja på dei ulike delane i gravferda. I dei fleste tilfelle er det ein prest som er liturg – den som leier seremonien, men det kan også vere ein annan av dei tilsette i kyrkja.

I kirkerommet

1 Klokkeringing
2 Preludium
3 Salme
4 Inngangsord
5 Inngangsbøn
6 Minneord
7 Salme eller musikkinnslag
8 Skriftlesning
9 Salme
10 Tale
11 Bøn
12 I dine hender
13 Fader vår
14 Salme
15 Postludium

Ved grava

16 Salme
17 Skriftlesning
18 Bøn ved gravstaden
19 Nedsetjing
20 Jordpåkasting
21 Skriftord og velsigning
22 Salme

Tilbake

Hamnsund kyrkje

Les meir

Vatne kyrkje

Les meir

Hildre kyrkje

Les meir

Brattvåg kyrkje

Les meir

Leige av lokaler

Informasjon til deg som ynskjer å leige kyrkjene.

Les meir

Fjørtoft kyrkje

Les meir

Haram kyrkje

Les meir