Her finn du meir informasjon om innhaldet i konfirmasjonstida, og kontaktinfo.
Konfirmantopplegget tek til i slutten av
august og sluttar av i april/mai. Vi ynskjer at konfirmasjonstida skal vere
med å styrkje banda til kyrkja og at konfirmasjonstida skal hjelpe dykk unge til
å finne svar på nokre av dei spørsmåla dei fleste har om; tvil og tru,
meininga med livet, kven Gud er og kva han har med oss å gjere.
Både foreldre, fadrar og kyrkjelyd har tatt på seg ansvaret for at barn som vert døypte i kyrkja vår, får lære om kristendomen og kva det vil seie å tru på Gud. Vi vil også at dei unge skal bli
kjent med kyrkjelyden og med gudstenesta. Vi satsar på aktiv konfirmantdeltaking i gudstenestene.
Konfirmantopplegget vil m.a. innehalde
- undervisning i grupper ca. annakvar veke
- gudstenester
- fasteaksjon (innsamling til Kirkens Nødhjelp)
- besøk av Team Skjærgårds
- samtalegudsteneste
- weekend
- fellesopplegg m/andre konfirmantar
- konfirmantdag
Både døypte og ikkje er velkomne
Ungdomar som ikkje er døypte, er også velkomne til å ta del i konfirmantopplæringa. Dei som skal konfirmerast til våren, må vere døypte først. Kva det betyr å vere døypt og korleis ein eventuell dåp skal føregå, kjem vi tilbake til.
Pris og oppmøte
Det vil koste 1500 kr å ta del i konfirmantopplæringa på fastlandet,dette dekkjer alle aktivitetane.
Vi deler betalinga i 2, ei på hausten og ei på våren. Dersom nokon har problem med å betale dette, ber vi dykk om å ta kontakt med oss, så skal vi finne ei løysing.
For øyakonfirmantane koster det 900 kr, noko som ikkje dekker mat.
Alle konfirmantar skal møte på minst 8 gudstenester, og alle samlingar er obligatoriske. Dersom frammøtet vert for dårleg, kan det bli snakk om ekstra frammøte og oppgåver. Dvs om du har vore borte meir enn tilsvarande 5 gruppesamlingar.
Kontaktinformasjon
Meir informasjon om konfirmanttida på fastlandet kan du få ved å vende deg
til:
Kateketen i Vatne, Astrid Øygard, tlf. 913 01 209 eller på e- post:
astrid.ulvestad.oygard@kyrkja.alesund.no
Meir informasjon om konfirmanttida på øyane får du ved å vende deg til prest
Magne Bildøy på 924 37 308 eller magne.bildoy@kyrkja.alesund.no
Velkomen som konfirmant og som konfirmantforeldre :)