Ein tårnagent løyser mysterium i kyrkja. Rundt om i kyrkjerommet er det mange symbol og teikn, og under tårnagenthelga i Vatne og Haram kyrkjer 25. og 26. mars får agentane tid til å leite og undre seg over det ein kan finne i kyrkje og tårn.
Vi inviterer til Tårnagenthelg for 3. klassingane våre denne våren. Vatne sokn og Haram sokn har tårnagenthelg 25. - 26. mars, og for Hamnsund sokn er det lagt til 13. - 14. mai.
Til desse samlingane søkjer vi agentar som kan hjelpe oss med å løyse mysterium og ta på seg oppdrag rundt om i kyrkjerom og tårn. Kan du hjelpe? Vil du vere Tårnagent?
Visste du at kyrkja og bibelen er fylt av mysterium og underlige ting? Det er heilt sant, og denne helga inviterer vi deg til å vere tårnagent for å leite og lure. Laurdagen kan du bli med oss på symboljakt med hemmelige koder og gåtefulle oppdrag! Denne dagen får du oppleve, lure, leite og løyse mysterium!
Dagen etter på, på søndagen, er det Sprell-levande gudsteneste med skattkiste, dramatisering, bønnevandring og mykje meir. For å melde seg på arrangementer klikkar ein på ein av linkane nedanfor.
Påmelding Tårnagentar Vatne sokn
Påmelding Tårnagent Haram sokn