Fasteaksjonen 2022


Klimatilpasset jordbruk i Malawi. Foto: Kirkens Nødhjelp

 

Reint vatn endrer alt!

Det er to år sidan konfirmantane hadde høve til å gå frå dør til dør med innsamlingsbøsser for Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp, men 5. april kjem dei! Konfirmantane i Vatne, Hamnsund, Brattvåg, Hildre, Haram og Fjørtoft kyrkjer er i aksjon denne dagen, og ber om støtte til å hjelpe dei som ikkje har tilgong til reint vatn. Årets aksjon har særleg fokus må hjelp til Malawi i Afrika. Konfirmantane i Hamnsund satsar i år på sporløp.

Med denne gåva kan du endre eit liv på ein måte ein nesten ikkje skulle tru var sann. Men vi har opplevd det, gong på gong i løpet av Kirkens Nødhjelp 75 år lange historie. Reint vatn gir enkeltpersoner og samfunn ein sjanse som ikke skulle tru budde i en handpumpe.

Reint vatn gir menneske sjans til å vera friske. Vaksne slepp å bruke tid på å passe sjuke små og borna kan leike i staden. For det er særlig dei små borna som lid, når ein kun har tilgong på ureint vatn.

Borna sin kvardag og framtid endrast av at landsbyen får ein brønn fordi då får dei tid til å gå på skulen. Det er nemleg ofte deira jobb å sørga for at familia har vatn. Når vannkjelda er mange kilometer unna, brukar dei fleire timar for å henta vatn. Med en vasskjelde i nærleiken har dei tid til skulen også.

Under pandemien har også vi her i Norge opplevd kor viktig det er å kunne vaska hendene med såpe. Verdas fattigaste stiller svakast i kampen mot Covid-19, dei bur tett og kan ikkje verna seg sjølv og si familie slik vi kan.

Denne gåva gir menneske vern mot sjukdomar, det gir betre helse og tid til skulegong. Saman kan vi endra for andre. 

Meir info om aksjonen finner du på www.fasteaksjonen.no

Tilbake