Konfirmant 2023 - info og påmelding
KONFIRMANT I BRATTVÅG, HILDRE, HAMNSUND, HARAM, OG VATNE
2022 - 2023
PÅMELDING HER
Konfirmasjon handlar om ditt liv og dine spørsmål. Heilt enkelt det som er viktig for deg.
Konfirmasjon handlar òg om å bli betre kjent med kristen tru. Du får sjansen til å utforske mange viktige spørsmål.
I konfirmanttida vil det og vere mogleg å bruke nye sider ved deg sjølv, utan krav til prestasjon.
Velkomen til eit spennande år!
INFORMASJONSMØTER OG REGISTRERING
Informasjonsmøte for konfirmant OG foreldre vert som følger:
MÅNDAG 13.JUNI kl.18.00 i Haram kyrkje for øyane
TYSDAG 14.JUNI KL.18.00 i Brattvåg kyrkje for fastlandet(Vatne, Hamnsund og Brattvåg)
Det vil bli anledning til å stille spørsmål. Ta med kopi av dåpsattest om du er døypt andre stader enn i Haram. Viss du ikkje er døypt, ta med kopi av fødselsattest.
GRUPPESAMLINGAR/TEMASAMLINGAR
Konfirmantar i Vatne sokn får møtedag TYSDAGAR
Konfirmantar i Hamnsund sokn får møtedag TYSDAGAR
Konfirmantar i Hildre og Brattvåg sokn får møtedag TORSDAGAR.
Konfirmantar i Haram sokn får møtedag TORSDAGAR
"Stikkut "/Friluftsopplegget for konfirmantane blir 3 utesamlingar om hausten og 2 til vinteren/våren. Elles kjem dei til å følge dei andre med nokre samlingar i kyrkja, leir, felles aktivitetsdagar i Norborghallen og Nordøyhallen. Samlingane vil innebere litt tur, litt aktivitet og litt prat.
KONFIRMASJONAR
Våren 2023 er det konfirmasjon på desse datoane:
- Lepsøy bedehuskapell søndag 2. april
- Vatne kyrkje laurdag 29. april
- Hamnsund kyrkje søndag30. april
- Brattvåg kyrkje laurdag 6. mai
- Hildre kyrkje søndag 7. mai
- Haram kyrkje laurdag 13. mai og søndag 14. mai