Ledig stilling som kyrkjetenar


Vi søker ny medarbeidar.

 

Noverande kyrkjetenar i Brattvåg kyrkje sluttar og vi treng ein ny medarbeidar i staben.

Det er ei 25%-stilling som kyrkjetenar i Ålesund kyrkjelege fellesråd. Den tilsette har ansvaret for å førebu, vere til stades ved, og etterarbeid ved gudstenester, gravferder og andre kyrkjelege handlingar. I tillegg enkelt forfallande vedlikehald av kyrkjebygg og utearealer.
Stillinga er plassert i stillingskode 5137 -- lønnsgruppe I.

Det vert gjeve tillegg for kvelds- og helgearbeid.

Tilsetting skjer på vilkår som går fram av lover, reglement og KA sine tariffavtalar. Pensjonsordning i KLP. Gjensidig prøvetid 6 mnd. Opplæring vert gjeve. Det vert forutsett medlemskap i Den norske kyrkje. Krav om barneomsorgsattest (politiattest) jfr. Kyrkjelova § 29.2.ledd.


Det vert lagt vekt på samarbeidsevne, fleksibilitet, og at ein er personleg eigna til stillinga.

Søk her.

Tilbake