Konfirmant 2025-2026 - info og påmelding
KONFIRMANT I BRATTVÅG, HILDRE, HAMNSUND, HARAM, VATNE OG SANDØY
2025 - 2026
PÅMELDING HER
Konfirmasjon handlar om ditt liv og dine spørsmål. Heilt enkelt det som er viktig for deg.
Konfirmasjon handlar òg om å bli betre kjent med kristen tru. Du får sjansen til å utforske mange viktige spørsmål.
I konfirmanttida vil det og vere mogleg å bruke nye sider ved deg sjølv, utan krav til prestasjon.
Velkomen til eit spennande år!
INFORMASJONSMØTER
Informasjonsmøte for konfirmant OG foreldre vert i starten av skuleåret 25/26. Vi kunngjer datoer på heimesida vår, på facebooksidene til kyrkjelydane og på epost til dei som har meldt seg på.
Det vil bli anledning til å stille spørsmål. Ta med kopi av dåpsattest om du er døypt andre stader enn i Haram. Viss du ikkje er døypt, ta med kopi av fødselsattest.
Det kostar 2000 kr å delta på kyrkja sitt opplegg som konfirmant. Dei som har problem med å betale, kan ta kontakt med den ansvarlege for konfirmantundervisninga, så ordner det seg. De kan betale på Haram kyrkjelege Fellesråd sitt vippsnr. 909890, merk betalinga med konfirmanten sitt namn!
KONFIRMASJONAR
Våren 2026 er det konfirmasjon på desse datoane:
- Sandøy kyrkje laurdag 18.april
- Vatne kyrkje laurdag 25. april
- Haøy kyrkje laurdag 25.april
- Hamnsund kyrkje søndag 26. april
- Brattvåg kyrkje laurdag 2. mai
- Hildre kyrkje søndag 3. mai
- Haram kyrkje laurdag 9. mai