Haram kyrkjelege fellesråd > Vis


KodeB-leir i Gjersetdalen


Eit eventyr av dei sjeldne for alle som går i 6. og 7. trinn i heile Haram og Sandøy!

25.-26. mai blir det villmarksleir i Gjersetdalen.

KodeB-logoen

Kva er KodeB-leir?
Fyrst og fremst møtast vi for å ha det kjekt og sosialt saman. Vi overnattar i telt, har måltida ute i det fri, grillar, leikar og har samlingar. Gjersetdalen Villmarksområde byr blant anna på taubane, klatreskogen, pilkasting og kanoar. Kva står B'en for i kodeB-leir? Det skal du få vite…

Sjå kor fint det er på leirplassen: Gjersetdalen

Søndagen 26. mai kl. 13.00 skal barna vere delaktige under gudstenesta ved Gjersetvatnet. Gå ikkje glipp av dette, og få med deg fadrar, besteforeldre, venner og familie! 

Gildehallen og Røde Kors-hytta blir brukt til samlingar. Ved mykje regn kan vi overnatte inne, men tradisjon tru blir det fint vêr, og vi overnattar i telt på fjellet.

Påmelding innan 21. maiPåmeldingsskjema 

Leiren kostar 350,- per barn og blir betalt ved påmelding på Vipps nr. 909890. Merk innbetalinga med «KodeB-leir».           (Ved evt. sjukdom blir det tilbakebetalt)

Detaljert program blir sendt ut på e-post til dei som har meldt seg på.

Tilbake