Song og musikk i gravferd
Det er ikkje alltid like lett å velja dei rette salmane til ei gravferd. På ein slik dag er ein oppteken av å finna dei rette orda. Samstundes bør salmen ha ein melodi som verkar nokolunde kjend. Vi håpar at de gjennom desse nettsidene kan få hjelp, slik at valet blir enklare.

Meditasjonsmusikk
Organisten kan spele meditasjonsmusikk før gravferda blir innleidd med klokkeringing. Dette må avtalast med organist og betalast for.
Ekstra song og musikk
Viss ein ønskjer ekstra song eller musikk, må pårørande sjølve gjere avtale med songar, eventuelt at gravferdsbyrået skaffar songar/musikar. Gravferdsbyråa har ofte fleire aktuelle solistar å føreslå.
Organisten må orienterast på tidlegast mogleg tidspunkt, og kan òg vere behjelpeleg med råd. Det er mykje fin musikk og mange fine salmar som høver seg godt som solistinnslag eller instrumentalmusikk i ei gravferd.
Organist og prest skal godkjenne all song og musikk som blir brukt.
Salmane
Ved gravferd skal det veljast 4 salmar (evt. 5 viss det er ønskje om ein salme etter minnetalen), 3 (4) salmar blir sungne inne, og 1 salme blir sungen ute ved grava.
Ved bisetjing skal det veljast 3 salmar (evt. 4 viss det er ønskje om ein salme etter minnetalen).
.