Vigsel


Vigsel i Haram!


Å gå inn i ekteskap ved kyrkjeleg vigsel gir ein god start på framtida saman. Vi les Guds ord om ekteskap og samliv, vi syng salmar saman, presten held ein tale, og vi ber om Guds velsigning over ekteskapet og heimen. 

Konfirmanter i hvite kapper står i kø for å få komme inn i kirken. Foto.

 

Vigselspåmelding

 

De som no planlegg vigsel, har ei spennande og kanskje strevsam tid framfor dykk. Mange timar kan gå med til å planleggje dagen. Vi som arbeider i kyrkja, gler oss saman med dykk og ønskjer å bidra til ein fin og minnerik dag som de kan sjå attende på med glede og takksemd.

Sjølv om ritualet er fastlagt, er det fullt mogleg å setje dykkar personlege preg på det som skal skje. De kan velje salmar sjølve, kome med ønskje til organisten når det gjeld inngangs- og utgangs-musikk, og eventuelt ha med eigen song eller musikk i tillegg. Kyrkja kan òg pyntast etter personleg ønskje og smak.

Vi ser difor fram til eit samarbeid med dykk når det gjeld planlegginga, og ønskjer dykk lukke til!

 

Velg kalender